Eg har drive med mange ting gjennom eit etter kvart langt liv. Mange av dei erfaringane har eg hatt nytte av etter at eg vart pensjonist. Då starta eg eit lite einmannsføretak som eg kalla: www.altmuligmannen.info. I ein del år nå har eg hatt mange småoppdrag. F.eks. vaktmester-tenester, og litt arbeid med maskiner eg har hatt med meg frå eg var bonde: Traktor, ein liten gravemaskin og ein veteran-lastebil.
Med andre ord så har eg hatt nok «å fylle tida med».
I ein god del år nå så har eg vore engasjert i Ellel Ministries Norge sitt arbeid. Det vert driven frå eit senter her i bygda. Mange av tenestane mine er derfor i bruk i dette arbeidet. Eg opplever dette som eit utruleg godt og verdfullt arbeid, der eg bruker det meste av tida mi nå. Avdi eg ikkje er ein «ungdom» lenger, vert det nok her eg kjem til å bruke det meste av tid og krefter heretter.
Difor vert det nå lite tid til andre oppdrag