www.altmuligmannen.info
Kristen Katerås
   Heim      Om meg
Litt om det eg har halde på med opp gjennom åra:
 
I tillegg til å vere med på gards og skogsdrift heime i oppveksten
var eg i nokre år linjemontør for kraftverket i distriktet her.
 
Far min var aut. el.installatør på den tida så eg hadde og ein "omgang" med slikt arbeid.
 
Så kom det ein periode med oppbygging av garden heime -
nye hus ute og inne - og me vart etter kvart fleire i huslyden.
 
Etter det var eg sjølvstendig næringsdrivande innan jord/ skog og
etter kvart med hovudvekt på sag og høvling.
 
Åra gjekk og tida kom for at neste generasjon skulle overtake garden
så me fekk oss eit hus her i Iveland - der me har vore sidan.
 
 Så fylgde ein del år som me var  lite heime på grunn av arbeidet på Solstrand Camping -
   der me var i fleire år med ansvar for  drifta av campingplass og leirstad.

   Men så var det tida for å kome "heim igjen". Sjølv om eg nå er komen i
   pensjonist-alder, er tanken  å drive med litt av kvart framover - så lenge
eg er frisk - og brukbart "oppegåande".
 
  Som eg har nemnt ovanfor, så har eg "vore borti" ein del yrker opp gennom åra.

   Tanken var at dei erfaringane kunne vere til nytte om du  har bruk for "ei hand"
   til eitt eller anna.
 
Det er bare å ta kontakt, så "finn me utav det".
 
 
 
 
 
Heim